Dørene er opna og menyen er spikra for den «nye» restauranten på Kraftstasjonen. Men kokkane ser helst at gjestane fortel sjølv kva dei ønskjer seg i restauranten.

– Vi ønskjer å tilpasse oss, både i kolonialen og på restauranten. Det du har lyst på, skal vi klare å lage, seier Bente Iren Vonheim, som har tatt over Kraftstasjonen.

Sjølv er Vonheim godt nøgd med opninga og håper at folk vil besøke den nye restauranten for å sjå kva dei har gjort med staden.

– Vi ser at det er eit marknad for dette. Det har vore nokre kjekke dagar, fortel Vonheim etter opninga. Ho forsikrar om at ein vil kjenne igjen den gode atmosfæren på Kraftstasjonen, men at gjestane kanskje vil merke at restauranten har gjennomgått nokre endringar.

– Fornying er kjekt for alle, både for gjestar og dei som jobbar her, fortel Vonheim. Både ho og dei tilsette ønskjer at publikum gjev tilbakemeldingar, slik at dei kan servere nettopp det gjestane ønskjer. For å oppnå suksess trur ho det er viktig å innfri forventningane til gjestane.

– Og tilpasse seg. Dessutan må det vere kvalitet i alle ledd, slår ho fast.