Maria Igland frå Bremanger og Martine Jagedal frå Florø likar ikkje å sykle. Likevel starta dei i går på den 300 mil lange sykkelturen frå Nordkapp til Lindesnes.

Dei to 21-åringane gjer det som eit stunt for å samle inn pengar til demensforskinga.

– Vi har begge hatt ekstrajobbar i eldreomsorga ved sidan av studiane og sett det på nært hald. Vi har sett kor mange det går utover, og ville bidra, seier dei to jentene to dagar før dei startar den lange turen.

– Vi har sett av fem veker til dette, seier dei.

For å klare turen på tilmålt tid må jentene sykle åtte mil kvar dag. Dei forventar at det kan bli tunge tak.

– Det kan nok bli tungt om vi får motvind og over fjellovergangar. Men vi må berre trø på, og bite det i oss, seier Maria, og forklarer at dei er treningsvande, sjølv om dei har trent lite sykkel.

– Likar de å sykle?

– Nei, eigentleg ikkje, Men vi er glade i å trene. Det kan vel ikkje bli heilt feil? ler dei.

– Vi trur det blir ein fin tur også. Det er meininga, seier Martine.

– Vi har planlagt det godt, og vi har reist i lag før, supplerer Maria, som fortel at dei har trent mykje sykling i det siste.

Søndag formiddag starta jentene prosjektet sitt. Dei vil først sykle lengst ute mot kysten, men vil truleg legge ruta innover i landet etter kvart.

– Vi ser an vêr og vind. Vi trur det blir ein spennande og fin tur. Men vi er litt nervøse også, innrømmer dei.

Det nærmaste dei kjem heimstadane er Førde eit stykke ut i turen.– Ja, vi kjem dessverre ikkje til Bremanger, seier Maria.

Les hele saken i papirutgaven av Fjordenes Tidende.