– Vi satsar på å bli årets ungdomsbedrift, seier gutegjengen i Westtip Supplies frå Eid vidaregåande skule. I morgon reiser dei til NM.

Dei blei kåra til beste ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane, og no siktar dei endå høgare.

– Dette blir veldig kjekt, men vi er spente. Det er no eit NM det er snakk om, seier Adrian Haavik frå Eid. Dei har utvikla ei silkasse som skal brukast innan fiskeoppdrett. Denne forenklar kvardagen på eit fiskeanlegg.

– Vi har produsert noko vi er stolte av å vise fram, og det skal bli kjekt å sjå kor langt vi kan kome, meiner Håvard A. Hunvik frå Ålfoten.

Dei er alle 16- og 17-åringar, og går førsteåret på TIP. Siste tida har det vore hektisk aktivitet med dei siste førebuingane før dei tysdag vender nasen mot NM på Lillestrøm. Finpussen med standen måtte gjerast, og gutane var på leiting etter ein stor nok hengar som kunne frakte alt det naudsynte utstyret. Ansvarlege lærarar og heile TIP-klassa kjem etter i buss som heiagjeng til NM.

– Det er ti år sidan sist det var nokon frå Eid på NM, og vi er dei første yrkesfaglege frå skulen som stiller på NM, seier Karl Ulrik Fanøy Nord frå Eid.

I NM konkurrerer ungdomsbedriftene i 16 ulike kategoriar. Gutane i Westtip Supplies UB deltar mellom anna i; beste UB, logo, produkt, produktdesign, forretningsplan og innovative produkt.

– Det store målet er å kunne hevde seg i NM. Om vi blir årets UB så kjem vi vidare til EM, gliser Haavik.– Vi har mange timar med førebuingar bak oss, og vil gjere så godt vi kan under NM. Vi har utvikla og forbetra produktet vidare sidan vi vann fylkesmeisterskapet, fastslår Hunvik. Nordvest 3D i Måløy har også laga film til dei som skal brukast under NM.

– Vi har jobba målretta, og funne eit produkt som vi ser fungerer. Det er testa ut i praksis. Mykje tid har gått med, og det er kjekt å få tilbakemeldingar på at det er eit godt produkt når vi har laga noko nytt. Det vi har lært tar vi med oss vidare. Alt har vore lærerikt, seier Hunvik.Westtip Supplies UB har med silkassa sørga for at tilsette på fiskeoppdretta får ein sikrare og betre kvardag på jobb.