Fylkesmannen rår frå å dele frå eit tilleggsareal som ligg heilt ned mot strandkanten i Leirgulen.

Det er snakk om dispensasjon frå kommunedelplanen for Rugsund-Leirgulen, og gjeld arealoverføring mellom gbnr. 85/4 og 85/19. Parsellen vert tilleggsareal til ei bustadtomt, og ligg innanfor 100 metersbeltet langs sjø og vassdrag.

«Vi vil ikkje ha avgjerande merknader til ei frådeling til uendra bruk, dersom det vert frådelt eit mindre areal der tomtegrensa vert trekt godt tilbake frå strandkanten», skriv miljøvernavdelinga i eit brev til Bremanger kommune.

Frå før har Fylkesmannen vist til at dei er kritiske til unødig store tomter både til bustadar og hytter der storleiken ikkje har noko fornuftig grunngjeving. No rår rådmannen i Bremanger til at tilleggsarealet vert trekt 12 meter tilbake frå vasskanten, og dermed vil ikkje arealoverføringa vere i konflikt med omsyna mellom anna med strandsonevernet.

Rådmannen vurderer fordelane ved dispensasjon som klart større enn ulempene, og meiner kommunen kan gi dispensasjon for overføring av eit areal på om lag 1,3 dekar. Formannskapet skal handsame saka 28. mai.