Kommunane i Nordfjord får ekstraløyvingar til tilrettelagd transport.

Hovudutval for samferdsle i Sogn og Fjordane fylkeskommune har vedtatt å løyve 200.000 kroner til Eid kommune, 100.000 kroner til Vågsøy kommune, 90.000 kroner til Selje kommune og 40.000 kroner til Bremanger kommune.

Bakgrunnen er at det for 2014 sto att ca 1,5 millionar kroner i ubrukte midlar.

- Dette er eit altfor stort beløp då vi eit at det er mange brukarar som treng meir pengar til kort, fastslår hovudutvalet.

Dei minner om at transporttenesta er meint å vere eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming.