At skule er viktig i Sogn og Fjordane kan foreldra ved Kolset oppvekst skrive under på.

I haust kjempa foreldreutvalet ved skulen ein hard kamp for å stoppe at storskulen blei flytta vekk frå Kolset til ein annan skule i Bremanger grunna akutt lærarmangel, men også framtidig svikt i elevgrunnlaget.

Rett før jul, etter ei intens mobilisering, fekk foreldra svaret frå Bremanger kommune. Kommunen snudde i saka, og ville heller satse på å finne gode lærarkrefter til skulen på Kolset.

Fekk to nye elevar

No, snart seks månader seinare, er desse lærarkreftene kome på plass og det har akkurat blitt kjent at skulen får to nye elevar i år og neste år – noko som gjer at skulen kjem over den magiske grensa på 13 for å kunne halde fram som fådelt skule.

– No trur eg vi har vore på botnen. No kan det berre gå ein veg, seier leiar i FAU Asle Skaar, som er veldig glad for at skulen ser ut til å vere redda for dei nærmaste åra.

– De vil ha skulen i nærmiljøet så langt det går?

– Ja, heilt klart. Det har med identiteten vår å gjere. Skule er på mange måtar berebjelken i samfunnet. Vi bruker skulebygget til alt, og det er sterke band mellom skule, arbeidsliv og kultur her. Elevane lagar skodespel om lokalhistoria og reiser på bedriftsbesøk lokalt, seier han.

Skaar trur ein kan seie at barn får eit inntrykk av at skule er viktig når dei ser kor hardt foreldre kjempar for å behalde skulen på staden.

– Å strekke det så langt som at det har innverknad på resultata dei får på skulen vil eg ikkje, men skulen er viktig for bygda og absolutt viktig å behalde i nærmiljøet. Det ville vore trasig å sende dei tre mil til Davik.

Må jobbe for utvikling

Skaar trur framtida kan sjå annleis ut for området Rugsund-Kolset-Leirgulen. Etter Bremangersambandet 2 opna i mai 2013, har dei små bygdene blitt meir sentrale i eigen kommune, og ein jobbar for tilflytting og vekst.

– Det er ein jobb å gjere med å få folk hit, men elevtalet har svinga i alle år. For ikkje så mange år sidan var det oppe i 40, og det har også vore svært lågt for ein del år tilbake. Vi har stor tru på at det skal gå opp igjen, avsluttar Skaar.

Artikkelen er del av eit større oppslag om betydninga av skule i Sogn og Fjordane. Hele artikkelserien kan ein lese i Fjordenes Tidende si papirutgåve.