Eid kommune har lyst ut på anbod opparbeiding av Hogaåsen bustadfelt i Nordfjordeid sentrum.

Bustadfeltet vil få 39 tomter for bustadhus og 3 store tomter for fortetta bustadutbygging – til saman ca 70-80 nye bustader i Nordfjordeid sentrum. Som ein del av opparbeidinga skal det byggast ut vegnett i området, vatn/avløp, kablar, gatelys og gang/sykkelveg.

Anleggsarbeidet er planlagt å starte opp i august 2015, med ferdigstilling av infrastrukturen i bustadfeltet og delovertaking 15. desember 2016. Dermed kan tomtearbeid og husbygging i Hogaåsen ta til ved årsskiftet 2016/17.

Ferdigstilling av heile feltet med vegdekke og grøntareal er sett til våren 2017. Eid kommune planlegg å starte sal av tomter i feltet i haust (hausten 2015).

- Hogaåsen har vore under planlegging heilt sidan 2005, og er det største nye bustadfeltet i Eid sidan Myklebuståsen vart bygd ut på 1980-talet. At det no er klart for byggestart er ein milepæl for vidare utvikling av Eid. Eid kommune opplever for tida folketalsvekst og auka etterspurnad etter bustadtomter. Samtidig er det nye større næringsetableringar på gang i kommunen som vil gi nye arbeidsplasser og ytterlegare vekst. Eg er difor svært glad for at vi no kjem i gang med utbygginga av nye kommunale bustadtomter i Hogaåsen, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

Det vil også om kort tid bli sett i gang arbeid med eit nytt kommunalt bustadfelt på Stårheim, opplyser ordføraren.

Det skal også byggast ein lenger grusveg i samband med feltet som gir tilkomst til fjellet frå Nordfjordeid sentrum både for gåande og for ridande, og infrastruktur til den nye hovudvassforsyninga til Eid frå Hornindalsvatnet. Deler av vegnettet i det eksisterande bustadfeltet Myklebuståsen rett ved skal også rustast opp i samband med utbygginga.