Natt til fredag skjedde det eit trafikkuhell på ein grusveg på Brekka mellom Harpefossen i Eid og Bjørkedalen.

Ein bil hadde hamna utfor den smale og svingete grusvegen.

Politiet er kopla inn.

Det var tre personar i bilen og dei vart frakta til legevakta i Eid for kontroll.

Politiet opplyser at dei er lettare skadde.