Det var ved hovuddøra at nokon i natt har tent på Sør-Vågsøy kirke.

- Det er nokon som har prøvd å sette fyr på kyrkja, seier brannsjef Kim Hjelle i Vågsøy.

Brannvesenet rykte raskt ut til staden då dei fekk meldinga 00.22 natt til laurdag. Då dei kom fram var houvddøra til kyrkja i brann. Brannvesenet rykte ut med 15 personar og fekk raskt sløkt brannen. Dei sat brannvakt til klokka 07.00 laurdag morgon.

Politiførstebetjent Åse Romuld seier det kan ha vore avgjerande at dei var så kjapt på plass.

- Kjapp respons kan ha hindra større skade på kyrkja, seier ho.

Brannteknikar på plass allereie i natt og politiet ventar rapporten frå denne undersøkinga.

Ifølgje Kim Hjelle er det skader på hovuddøra inn til kyrkja.

- Det er også litt røykskader inne i kyrkja. Det luktar brent, seier Hjelle.