Brannsjef Kim Hjelle i Vågsøy trudde ikkje at han høyrde rett då han fekk beskjed om at det var brann i Sør-Vågsøy kirke natt til laurdag.

- Eg var heilt rysta og måtte spørje opp igjen om det var bekrefta brann, fortel Hjelle, som i si karriere aldri har vore borti at nokon har sett fyr på ei kyrkje.

Det var natt til laurdag at alarmen gjekk om at det brann i kyrkjedøra til Sør-Vågsøy kirke. Brannvesenet kom raskt til staden og fekk raskt sløkt brannen. Det er konstatert at brannen var påtent og at det har blitt brukt brennbar væske for å tenne på kyrkjedøra.

Brannsjefen er ikkje i tvil om at den velfungerande brannalarmen var redninga.

- Den berga kyrkja, seier han, og legg til at det er ein detektor rett innafor døra, samt klokke rett utanfor døra.

Brannvesenet sin raske respons kan ha hindra storbrann.

- Då vi kom fram til kyrkja var den full av røyk, seier Hjelle.

Brannvesen hadde vakt heile natt til laurdag.

- Vi ventilerte heile natta. Vi har hatt på vifter for å prøve å få ut partiklar og minske skadene.

Skadene er stort sett på sjølve døra.

- Og så er det røykskader. Det er ikkje sot, men det er lukt. Det trengst ein skikkeleg nedvask, seier brannsjefen.