Sivilforsvaret i Sogn og Fjordane skal halde vakt ved tunnelopningane i natt.

Dette er for å vere på vakt for oppblussing av brannen i tunnelen, samt hindre at folk går inn i tunnelen.

Det er også for å frigjere ressursar for både brannvesen og politi, slik at desse kan komme raskt til om noko skulle hende, seier Wilhelm Larsen i Sivilforsvaret.

Totalt skal elleve personar frå Sivilforsvaret stå på Rugsund-sida av tunnelen, og 12 personar skal stå på Skatestraum-sida.

Planen er at dei skal stå utover natta, alt etter kor lenge det er behov.

Sivilforsvaret, som er ein statleg forsterkingsressurs for naud- og beredskapsetatane, har også nødvendig utstyr om noko skulle skje.