Sølvi Joensen er 46 år og bur i Davik. Ho er gift og jobbar som privat praktiserande fysioterapeut.

– Kva skal du i sommar?

– I sommar vert det Norgesferie. Har ikkje heilt lagt planane enno, men har lyst å gå på Galdhøpiggen frå Spiterstulen saman med familien.

– Kva er ditt favorittreisemål?

– Eg likar å reise til Hellas. Der er det nydeleg natur, kjekke folk og herleg badetemperatur.

– Korleis ser ein perfekt kveld ut?

– Å få gå på ein utandørskonsert som til dømes då Vamp var i Kalvåg, eller å sitje å sjå utover landet og få pusten i magen.

– Kva må du ha om sommaren?

– Tur på fjellet Troda og fleire kajakkturar med mannen min.

– Kva står på sommarmenyen?

– Det beste eg får om sommaren er reker og kreps.

– Kva er typisk sommar for deg?

– Å møte igjen venner og slekt. Det er herleg at tempoet vert rolegare både privat og på jobb.

– Kva er ein sommarlåt for deg?

– Henning Kvitnes sin Ut å vekke sola. Det er ein flott tekst.

– Kva gjer deg glad?

– Eg vert glad av å gjere andre glad. Er også alltid i godt humør etter trening med Anne sin Zumba og trim med Gasellene, trimdamene mine. Alle burde hatt trimdamer!

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Endeleg er Bremanger kommune ute av Terra-krisa!

– Kva er den viktigaste saka du vil jobbe for?

– Eg har vore med i bygdeutviklingslaget på Davik og synest det er viktig å arbeide for at folk vil flytte hit og halde fram med å bu her. Då treng vi skule, butikk og folk med idear til arbeidsplassar.

– Kva gjer du om du vert lotto-millionær?

– Då skal eg ta eitt år permisjon og reise jorda rundt med familien. Så ville eg ha funne ei god sak å støtte som til dømes Leger utan grenser.

– Kva vil du vise tilreisande?

– Eg vil vise dei badestranda vår på Davik, Hauesanden, Grotlesanden og Kalvåg. Og så vil eg ta dei med på ein fjelltur på Davik. Det er så variert natur med ein køyretur i Bremanger, og dei smale vegane er ein attraksjon i seg sjølv.