Tidlegare brannsjef i Vågsøy, Helge Hjelle, meiner Tore Myrestrand redda mange liv då han slapp forbi ferjekøen på Oldeide. Han meiner fleire må følgje hans eksempel.

– Då Tore Myrestrand oppdaga det som hadde skjedd i Skatestraumtunnelen, reagerte han på ein fantastisk måte. Han såg raskt kva som skjedde, fekk stengd tunnelen, kom seg sjølv ut og fekk stoppa folk på veg inn i tunnelen. Det var eksemplarisk. Men den store skilnaden, den gjorde han på ferjekaia, seier Helge Hjelle, og fortset:

– Han slapp køen forbi seg på ferjekaien. Viss han ikkje hadde gjort det, og hadde hatt denne køen bak seg i tunnelen då hengaren krasja i veggen og bensinen rann nedover, ville personane bak han vore i eit flammehav.

– Overbevist

Det var onsdag 15. juli at hengaren på tankbilen til Tore Myrestrand sleit seg inne i den undersjøiske tunnelen. 16.500 liter bensin tok fyr etter at hengaren krasja i fjellveggen. 13 personar berga seg ut av tunnelen, som blei stengd på 46 sekund etter at tankbilsjåføren både ringde naudetatar og opna naudskapa i tunnelen. Før hendinga sleppte Myrestrand forbi ferjekøen på Oldeide.

– Eg er overbevist om at fleire bilar hadde kome bak han, hadde fleire menneskeliv gått tapt.

Stopp og slepp forbi

Hjelle har 40 års erfaring som brannmann, og fortel at brann i tunnelar er noko av dei verste eit brannvesen kjem opp i. Han meiner at Tore Myrestrand må vere eit godt eksempel for andre tungtransportsjåførar å følgje.

– Stopp og slepp køen med privatbilar forbi, oppmodar den tidlegare brannsjefen. Han meiner også at ferjemannskap bør merke seg dette. – Dei burde halde igjen tungtransport og sleppe privatbilar forbi, seier han og viser mellom anna til ferja Lote-Anda.

– Der står tungtransport fremst på ferja, og når dei køyrer av så har dei 30–40 privatbilar etter seg inn i Lotetunnelen. Tenk om det skjer ei ulykke der, det kan eit inferno, seier Hjelle.

Han viser til at tunnelen er lang og vanskeleg å komme seg ut av dersom det skulle skje ei ulykke. Om ein slepp forbi bilar, slepp ein også hasardiøse forbikøyringar, peikar han på.