Harry Gulestøl (H) meiner Bremanger no må vere om seg, for å sikre at kommunen får ta del i samarbeidet om eit mogleg nytt fengsel i fylket.

– Eg meiner at ei slik satsing vil vere veldig positiv for Bremanger, seier Harry Gulestøl, etter at kommunen fekk førespurnad frå investorgruppa Norda Partners AS om moglegheita for eit privat-offentleg samarbeid om å byggje nye fengsel.

– Eit fengsel vil kunne gje kommunen viktige statlege arbeidsplassar samtidig som det lokale næringslivet vil oppleve store positive ringverknadar, seier Gulestøl og utdjupar:

– Då tenkjer eg på alle dei ulike leverandørane som utfører tenester som for eksempel vasking og matlevering.

Vil vurdere fleire område

Gulestøl meiner kommunen må komme raskt i gang med vurderinga av kvar eit eventuelt fengsel kan ligge, og seier at det er viktig at dei tidleg posisjonerer seg slik at dei får ta del i prosjektet saman med Norda Partners.

– Vi må vere på ballen og klargjere moglege løysingar så fort som råd. Arealplanen må studerast nøye, og vi må vurdere alle områda vi har sett av til forretningsbygg og industri, seier han.

Høgre-politikaren understrekar at det finnast nok av areal til eit slikt prosjekt i Bremanger.

– Kommunen har jobba lenge og målretta med å setje av område til etablering av ny næring. No er det på tide å satse.

Tek saka til formannskapet

Bremanger Høgre har ikkje møttest etter at kommunen fekk brevet frå Norda Partners, men Gulestøl trur ikkje det vert innvendingar mot eit fengsel i Bremanger i partiet.

– Eg ønsker at Høgre sin representant i formannskapet skal ta opp saka der så snart som råd. Sjølv kjem eg til å fremje saka i neste kommunestyremøte, seier han.

Gulestøl kan ikkje sjå noko negativt med ei etablering av fengsel i Bremanger.

– Erfaringa med norske fengsel er at samfunnet rundt ikkje vert belasta, men at det heller skapar positiv aktivitet. Når det kjem til rømming frå fengsla, trur eg helst at det er slikt vi ser på film, avsluttar han.