Ved utgangen av juli er 1143 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er ein auke på berre 23 personar frå juli i fjor.

– I nabofylka er situasjonen ein heilt annan, fortel fungerande direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tove Rygg.

Medan auken i Sogn og Fjordane berre svarar til to prosent, har Rogaland ein auke på heile 65 prosent. Hordaland og Møre og Romsdal har ein auke på høvesvis 26 og 18 prosent.

– Den store auken i nabofylka har samanheng med situasjonen i oljeindustrien. Sogn og Fjordane har lite av oljeretta verksemd og går difor stort sett klar av dei negative verknadene. Samstundes nyt eksportnæringane i fylket godt av den låge kronekursen, seier Rygg.

Med 2,0 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid, har Sogn og Fjordane klart lågast arbeidsløyse i landet.