Denne helga gifte Anne-Malin Sørland Aase seg med Anders Myrhol i kjolen ho fekk hjelp til å lage av Jenny Skavlan.

26-åringen frå Nordfjordeid tok kontakt med Jenny Skavlan for tips om korleis ho kunne gjere mor og bestemor sine brudekjolar om til sin eigen. Det resulterte i at Skavlan sjølv tok oppdraget med å redesigne kjolen.

Dei to gifte seg i Eid kyrkje laurdag.