Stig Solheim frå Vågsvåg hadde ein god dag på sjøen under sitt fyrste forsøk i SagaCup folkeklasse i helga.

– Vi fiska 30 torskar minst, smiler gjengen i båten då dei kom til kai etter laurdagens folkeklasse i Sagacup.

Største fisken, som Solheim frå Vågsvåg drog i land, var ein torsk på 10,46 kilo.

– Det var kjempeartig, ler han.

– Eg tulla med jentene mine om at eg skulle ut og hente fyrstepremien i dag, og dei trudde ikkje på meg, så det var litt morosamt, smiler småbarnsfaren.

Tar med familien neste gong

Det er ikkje berre pappa Stig som er interessert i fiske – og til neste år ynskjer heile familien å delta.

– Kvar gong eg og pappa har vore ute og fiska har vi fått lite fisk, og no får han kjempemasse, seier ei litt oppgitt dotter Sera Natacha Solheim, som har svært lyst til å bli med i SagaCup saman med familien neste år.

– Vi er ein fiskefamilie, smiler dei.Til vanleg driv Solheim fisketuristfirmaet Solheim Fiskeferie, og har mange fisketuristar på besøk. Sjølv blir det lite tid til fiske for familien når det er mykje turistar på besøk.

– Vi er veldig glade i å fiske, og har seks båtar til utleige, men det er ikkje alltid båtane er ledige slik at vi får reist ut å fiska så mykje som vi vil, fortel han.

Anbefaler å delta

Det var i alt fire båtar som deltok i SagaCup folkeklasse, som er mindre enn kva arrangørane hadde håpa på.

– Det såg litt mørkt ut ei stund, men så fekk vi nokre påmeldingar mot slutten, seier Nils Myklebust i Måløy Havfiskefestival. Solheim oppmodar endå fleire av lokalbefolkninga til å delta neste år.

– Det har vore ein fantastisk dag, der det viktigaste har vore å vere langt ute på sjøen saman med gode vener og kose seg med fiskinga. Det er litt av ei oppleving, seier han. Ein fisketur på fem timar er ikkje til å kimse av.

– På slutten var vi så slitne at til og med kilosfiskar kjendest utruleg store ut, ler ein godt nøgd Solheim etter å ha fått bekrefta at han vann konkurransen om størst fisk.