Jørgen Hoddevik Hauge vil helst ha læretida si på sjøen, men to veker før skulestart ser det mørkt ut.

Han er ein av totalt 150 ungdomar i Sogn og Fjordane som framleis ikkje har fått læreplass til hausten.

– Eg har vore i kontakt med Fjord1, og alle off shore-reiarlag eg kan kome på, seier Hoddevik Hauge, som endå ikkje veit kva han skal gjere denne hausten.– Det er sjølvsagt trasig. Eg har gått eit heilt år og gleda meg til å vere på sjøen, og så står eg framleis utan ein stad å vere lærling, fortel bremangaren.

Maritime fag skil seg ut

Rektor ved Måløy vidaregåande skule, Karl Otto Rundereim, seier det er relativt få som no har avslutta ei toårig yrkesfagleg utdanning ved skulen som endå ikkje har fått seg læreplass, og at det ikkje er fleire enn tidlegare.

– Vi har totalt veldig få som står utan læreplass av dei som gjekk ut frå skulen, og talet er vesentleg lågare enn i fjor. Det er berre 10–15 stykk, seier han. Av dei er nesten alle frå maritime fag, og har ønskje om ein maritim læreplass.

– Når det kjem til maritime fag har vi fått ei utfordring, og grunnen til det er at dei fleste får læreplass gjennom opplæringssenteret for maritime fag i Ålesund, og der har dei no mista mange læreplassar, seier han.

Kutt i oljebransjen

Det er ikkje berre i Sogn og Fjordane ein merkar nedgang i tal læreplassar på sjøen.

– I fjor byrja dei å merka dei det i Rogaland og Hordaland, og i år ser vi at det påverkar elevane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, fortel Sissel Brusegård, teamleiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Det er sjølvsagt at oljeindustrien, med låge prisar og kutt, har stor innverknad på at talet læreplassar går ned.

– Vil helst vere på sjøen

Tidlegare har Jørgen Hoddevik Hauge jobba på fiskebåt, før han byrja på industriteknologi i Florø.

– Eg sakna å vere på sjøen, så eg angra og byrja i Måløy, fortel han.Om han ikkje kjem seg ut att på sjøen som lærling, vil han gå vidare med industriteknologi.

– Eg har framleis vitnemålet mitt ifrå industriteknologi, så då vil eg kanskje prøve å gå vidare som mekanikar, seier Hauge.

– Men eg vil helst vere på sjøen, legg han til.