Søndag vert det ei større markering i Eid kyrkje.

Då er det avskil for seniorprest/prostiprest Sigurd Vengen og sokneprest Carsten Mrusek, samt innsetting av ny prostiprest Henny Koppen.

Vengen går over i pensjonisttilværet etter han mellom anna vore akademilektor på Norsk Lærarakademi i Bergen, res.kap. og sokneprest i Førde, prost i Sunnfjord, sokneprest i Os, prost i Midthordland og no dei siste åtte åra seniorprest og prostiprest i Nordfjord.Mrusek, tidlegare katolsk prest i Tyskland, kom som vikarprest til Vågsøy i Nordfjord og fekk soknepreststilling i Eid.

Med to små «nordfjordingar» reiser familien til Hardanger der Carsten skal starte opp som sokneprest.Lektor Henny Koppen har gått den tredje veg inn i prestetenesta. Med eit langt liv i skule og høgskule, fullførte ho praktisk teologisk seminar og vart ordinert til prostiprest i Nordfjord av biskop Halvor Nordhaug i ein alder av 60 år. Ho tek over stafettpinnen etter Vengen.Prosten vil stå for innsettinga.

Vereide kyrkjekor med dirigent Anders Rinde vert med. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi på Eid kyrkjetun der det vert rom for helsingar og takk, fortel dei i ei pressemelding.