Frå i morgon kan innbyggjarane i Sogn og Fjordane få internetthastigheiter på opptil 500 Mbit/s.

Det skriv Enivest i ei pressemelding. Dei aukar opp internetthastigheita på alle sine fiberkundar.

– Alle kundar som per i dag har 25/25 Mbit/s får 35/35 Mbit/s, alle som har 50/50 Mbit/s, får 70/70 Mbit/s utan pristillegg. Kundar som har valt 70/70 Mbit/s blir oppgradert til 100/100 Mbit/s samt får ein prisreduksjon på 200 kr per månad, heiter det i pressemeldinga.