- Det ser ut som om nokre av ordførarkandidatane har fått meir tran enn eg har fått i meg, seier Venstre sin ordførarkandidat i Bremanger Kåre Jarl Langeland med klar adresse til NRK-oppslaget om kystvegueinige bremangerpolitikarar.

Han synest ikkje det er gunstig at parti no begynner å snakke annleis om prioriteringar og deltstrekningar. Og her er det spesielt Senterpartiet sin kandidat Marius Strømmen han rettar skyts mot. Strømmen uttala til NRK at Sp meiner ferja Stårheim-Isane skal bestå sjølv om millionane ein ville fått i ferjeavløysingsmidlar frå to ferjesamband, Måløy-Oldeide og Stårheim-Isane, vert sett som essensielle for å få finansiert ei framtidig bru i ytre Nordfjord.

- Ferja Stårheim-Isane skal bestå. Den har ei betydning for folk i indre delar av kommunen. Vi kan ikkje kappe av deira navlestreng til deira arbeidsmarknad per i dag. Det går ikkje, sa Strømmen til NRK.

- Han speler vekk mange milllionar kroner på denne måten. Og rekninga går til næringslivet og resten av kystvegbrukarane. Er det verkeleg det han meiner, at Bremanger og den delen av Kystvegen som gjeld bru over Nordfjord, skal rykke bakover i køen igjen? spør Langeland.

Han er bekymra for situasjonen.

- Ja, eg blir bekymra. Her lagar ein utgreiingar og på den måten jobbar fram realistiske planar. Sp-ordførar Karl Vidar Førde har kjempa for bru, gått i front der og gjort ein kjempeflott jobb. Og ein har kome fram til tre ulike alternativ til bru. Då synest eg det blir merkeleg å å snakke om å rykke tilbake med utspel om satsing nord eller sør, seier Langeland, og legg til:

- Rekninga kjem til å ramle i fanget på oss i Bremanger, næringslivet og brukarar av Kystvegen. Det må henge i hop det ein brenn for!