Når 99,8 prosent av stemmene er talt opp har Framstegspartiet ein oppslutnad på 32,3 prosent. Dette er ei auke på 8,3 prosentpoeng frå stortingsvalet i 2013. Med dette er Frp det partiet som har fått flest stemmer i Vanylven.

Regjeringskollega Høgre får 17,8 prosent av stemmene. Dette er ein svak tilbakegang på 1,8 prosentpoeng.

Senterpartiet aukar oppslutnaden i kommunen. Partiet får 17,4 prosent av stemmene i Vanylven. Dette er ei auke på 3,5 prosentpoeng.

Her er Vanylven-resultata:

  • Framstegspartiet: 32,3 prosent (+8,3)

  • Høgre: 17,8 prosent (-1,8)

  • Senterpartiet: 17,4 prosent (+3,5)

  • Arbeidarpartiet: 16,3 prosent (-4,4)

  • Kristeleg Folkeparti: 7,4 prosent (-5,0)

  • Venstre: 4,1 prosent (-0,3)

  • Sosialistisk Venstreparti: 1,7 prosent (+0,3)

  • Miljøpartiet dei Grøne: 1 prosent (-0,3)

  • Raudt: 0,3 prosent (+0,3)