Personen som forårsaka to større gras- og lyngbrannar på Kvalheim i Vågsøy må betale 7.000 kroner i bot.

Politiet meiner gardbrukaren på Kvalheim ikkje har teke tilstrekkelege forholdsreglar då han skulle brenne bråte. Dei meiner han handla uansvarleg, og det er grunnen til at han har fått ei bot på 7.000 kroner frå politiet.

Ingen personar kom til skade, men det kunne gått gale dersom ikkje brannvesenet og andre kom til og hjelpte til med å sløkkje.

Det var for litt over to veker sidan at brannvesenet i Vågsøy måtte rykkje ut til to gras- og lyngbrannar på Kvalheim. Ein gardbrukar skulle brenne bråte på innmarksbeite laurdag. Brannen kom ut av kontroll, og det var fare for at den kunne spreie seg til hus i nærleiken.

Brannen vart sløkt. Eit stort område på innmarka vart svidd av.

Dagen etter skulle den same gardbrukaren brenne bråte på nytt, då i eitt anna område. Også her kom brannen ut av kontroll, og brannvesenet og andre måtte ut for å sløkkje.

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, seier dei ser alvorleg på at folk tenner bråte utan å ta nødvendige forholdsreglar.

Og det er bakgrunnen for at politiet denne gongen valde å gje mannen som starta dei to brannane denne bota.

Les meir om saka i papirutgåva onsdag 27. mars.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.