Klokka20.40 på langfredag fekk politiet melding om ein lyngbrann i Krabbestig påHusevågøy i Vågsøy.

Mannskapfrå Vågsøy brann- og redningsvesen rykte ut frå Måløy med redningsskøyta for åhjelpe til med sløkking.

- Førebelser det lite vi veit, sa operatør ved Sogn og Fjordane Politikammer, SunnivaDybvik til Fjordenes Tidende litt før klokka 21.00.

Etter kort tid klarte folk som kom til å sløkkje brannen.

- Det såg stygt ut ei stund. Det brann oppetter fjellsida. Det var to hus i nærleiken. Men heldigvis så vart det heilt vindstille ei stund, og då klarte vi å sløkkje, seier Kåre Furnes som har sommarhus litt aust for området der det brann på sørsida av Husevågøy.

Det var Furnes som oppdaga brannen og som slo alarm.

Han var også med på å sløkkje brannen saman med fem-seks andre.

- Det kan tyde på at brannen kan ha starta i ein sikringsboks, seier Furnes utan at han er heilt sikker på det.

Sistetida har det vore meldt om 24 utmarksbrannar i Sogn og Fjordane.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.