Konfirmant Sindre Refvik skal garantert ikkje fryse på beina. Til konfirmasjonen i helga fekk han heile 121 par heimestrikka raggsokkar.

Sindre trudde knapt sine eigne auge då han kom i sin eigen konfirmasjon sist søndag.

Den mest oppsiktsvekkjande gåva fann han då han fekk beskjed om å følgje ein tråd inn i festlokalet. I enden av tråden stod det ei diger eske proppfull med heimestrikka ullsokkar i alle tenkelege fargar og variantar.

Vart heilt paff

– Eg visste ikkje kva eg skulle tru. Eg vart heilt paff. 121 par strikkesokkar. Det er 242 sokkar, seier den smilande konfirmanten då Fjordenes Tidende var på besøk heime hos familien i Refvik dagen etter konfirmasjonen for å sjå den unike samlinga.

15-åringen elska å gå i heimestrikka ullsokkar. Han brukar det heile året, fortel mamma Anne Berit Refvik.

Han tek dei av på dei varmaste dagane og når han skal bade. Elles så er heimestrikka ullsokkar favorittplagget han brukar heile året, fortel mamma Anne Berit.

Og når mora spurde sonen kva han ønskte seg til konfirmasjonen for nokre månader sidan, og han for moro slengde ut av seg: 100 par med sokkar, då var ikkje mora det minste i tvil:

– Han skal jammen få det ønsket oppfylt, sa ho då.

Mobiliserte

Dermed så starta mamma Anne Berit på sokke-prosjektet.

Ho mobiliserte slekt og vener. Ho fortalde om sokke-ønsket til Sindre, og det var tydeleg ikkje vanskeleg å få folk til å finne fram strikkepinnar og tråd.

Sjølv elskar ho og strikke, og har strikka 15 av sokkepara i den eventyrlege haugen.

– Men det var ikkje eg som strikka flest. Det var det fadderen til Sindre, Kristin Lillestøl, som gjorde. På tre månader strikka ho 18 par. Imponerande, seier Anne Berit.

Heile saka står i papirutgåva onsdag 15, mai.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.