Peter Major frå Tsjekkia viser at det framleis blir drege "båtar" over Mannseidet i Selje.

Major drog kajakken sin over Mannseidet i løpet av nokre timar måndag på sin ferd nordover langs kysten.

Peter Major kjem frå Tsjekkia og er på ein 180 dagars rundtur langs dei skandinaviske kystane.

Kajakken han brukar på ferda har han konstruert sjølv.

Major fortel at det verka logisk å bruke vegen over Mannseidet når han skulle passere Stadhalvøya. Og ein velvillig kar i Selje lånte han ei høykjerre som eigna seg perfekt til formålet.

Då var det berre å gje seg i kast. Turen var ikkje lenge gjort.

Den blide tsjekkaren ville gjerne ha med selskap på ferda nordover om nokon ønska å følgje han.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.