Elevar, lærlingar og tidlegare elevar ved Måløy vidaregåande skule (MVS) er dei som skal lage til og servere maten til artistane og banda backstage på Malakoff Rockfestival.

– Dette blir mitt tredje år, seier den nyutdanna kokken som meir enn gjerne stiller opp på dette kvart år, seier Reidun Gilleshammer, som er ei av dei som har vore med lengst.

– Det er kjekt å vite at dette skal eg gjere neste år også. Det er så godt med så god stemning og moglegheita til å treffe tidlegare lærarar og elevar igjen. Og så klart det å få treffe alle artistane, fortel Reidun.

I fleire år har Malakoff rockefestival hatt eitt samarbeid med MVS om å stå for maten backstage under festivalen. Råvarene er frå lokale forhandlarar, også kalla kortreist mat. Som betaling får dei festivalpass og overnatting på campen.

Kokken fortel at dei har ein grunnleggjande meny som går igjen kvart år, men at dei alltid har med noko nytt. Oppskriftene har vore godt utprøvd i skuletida.

– I år serverer vi ei fiskesuppe som egnar seg godt om kvelden og vi har så klart med Måløyburgeren som slår veldig godt an hos alle, til og med dei som ikkje et så mykje fisk til vanleg, seier ho.

Les meir i papirutgåva fredag 19. juli

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende