Ei ny kartlegging av alle landets kommuner syner at Bremanger blir rangert som den 11. beste kommunen i landet på grunnskule, medan Eid blir nummer 15.

–Tala stadfestar at Eid kommune får svært mykje ut av kronene vi har til rådvelde, og at ei systematisk satsing på kvalitet i skulen over mange år gir resultat, skriv ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) i ein e-post til redaksjonen.

Tala kjem fram i undersøkinga Kommunebarometeret 2013 utført av Kommunal Rapport gjennom måling av over 100 nøkkeltal i norske kommuner. Målinga er utført årvisst sidan 2010.

Sogn og Fjordane scorer i det heile bra på grunnskule i undersøkinga.

– Det er særs gledeleg at heile ni av dei 20 beste «skulekommunane» i Norge ligg i Sogn og Fjordane. Dette er utan tvil resultat av ei målretta felles satsing på kompetanse og fagleg utvikling i skulen på alle nivå, og på tvers av kommunegrenser, seier Bjørlo.

– Eid og andre kommuner i Sogn og Fjordane sine oppsiktsvekkande gode skuleresultat bør truleg brukast sterkare i profilering og arbeid med tilflytting til kommunene våre i åra framover, seier han.

I målinga hamnar Vågsøy på ein 52. plass når det gjeld grunnskule, Selje på 45. plass og Vanylven på 144. plass.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende