Det er så langt i år 100 færre fødslar i Helse Førde samanliknamed same periode i fjor, melder NRK Sogn og Fjordane.

Årsaka ligg i den store omlegginga av fødetilbodet her i fylket, truravdelingssjef ved kvinneklinikken ved Helse Førde, Tom Guldhav.

– Vi har jo hatt store endringar i fødetilbodet i Sogn og Fjordane,spesielt det siste året med nedlegginga av fødeavdelinga på Nordfjordeid. Vihar valt å gjere det slik at kvinnene skal kunne velje, seier Guldhav til NRK.

Han vil ikkje spekulere i kva følgjer nedgangen vil få for Helse Førde.

Sjef for fødeavdelingane i Møre og Romsdal, HenrikErdal, seier at fleire nordfjordingar vel å føde i Volda etter at fødeavdelingaved Nordfjord sjukehus vart lagt ned for eit år sidan, utan at han har eksaktetal no.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende