Ferjesambandet Måløy – Husevågøy – Oldeide har voreinnstilt i fleire timar fredag på grunn av sterk vind.

- Då vi gjekk frå Oldeide 09.15 var det veldig mykje vind,seier kaptein på bilferja Vågsøy, Arvid Teige.

Han tok ikkje sjansen på å gå fleire turar då.

Teige sa til Fjordenes Tidende fredag klokka 13.00 at hanhadde håp om at vinden skulle minke, og at dei kan starte opp igjen ut påettermiddagen, anten klokka 14.35 eller 16.25.

- Vi ventar og ser, seier Teige.

Det har vore kraftig vind og veldig mykje nedbørdenne fredagen.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende