Geografi er ingen hindring for å nå opp og fram, meiner Mari Maurstad. Denne veka inspirerte ho ungdommen i Hei og Hå 4H på Bryggja til å følgje draumane.

– Ja, ein kan faktisk komme frå Bryggja og nå heilt til topps, smiler Sigurd Husevåg (17), leiar i Hei og Hå 4H, som fortel at dei set stor pris på at Maurstad-familien held den gode kontakten med heimstaden.

– Vi er litt stolte over at vi har eit par kjendisar i bygda. Det viser at ikkje alle talenta er i byen, seier han.

– Pappa budde her på Bryggja, i tillegg under ekstremt fattige kår. Så ja, det går an å komme seg opp og fram, støttar Mari Maurstad.

Bakgrunnen for at den kjende skodespelaren var heime på Bryggja, var TV2 sitt nye program, Nabolaget, ein serie som skal vise fram det ekte Norge, frå grasrota. Eit av aspekta i serien er kjende menneske som får lov til å velje seg ein organisasjon dei ønskjer å framheve som spesielt bra. Opptaka til TV-serien blei gjennomført på Bryggja denne veka.

– Eg var ikkje i tvil då dei ringde og spurte kven eg ville trekke fram. 4H gjer ein viktig jobb for barn og unge med å skape fritidsaktivitetar. Dei har eit sånt breitt spekter her, frå reise til Ghana, via lavvobygging til å sette opp årlege teaterframsyningar. Og så er alt basert på frivilligheit. Dei tar av fritida si, seier Maurstad.

Ho er imponert over innsatsen ungdommane viste under teatersport-øvingane dei hadde på Bryggja grendahus.

– Eg har ikkje undervist så mykje i drama, men dei var så årvakne. Eg såg talent her, absolutt, seier Maurstad, som også trekk fram kor lite kameracrewet påverka ungdomane.

– Ein kunne jo tenke seg at dei skulle bli litt engstelege for eigne prestasjonar med TV til stades, men nei da, dei heiv seg utpå. Dei er så trygge på kvarandre. Det er koseleg å sjå, smiler Maurstad.

Før møtet med skodespelaren frå Oslo var omme, hadde Mari Maurstad blitt nemnt til æresmedlem av Hei og Hå 4H og Maren Midtbø Heggedal (18) og Christoffer Gotteberg Hovden (18) hadde fått plakettar og diplom for å ha vore med i 4H gjennom heile perioden frå 4. klasse til det året dei fyller 18.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende