Eit foreldrepar i ytre Nordfjord har meld rektoren og ein lærar ved ein barneskule i ytre Nordfjord til politiet. Dei meiner at barnet deira har blitt mobba på skulen, og at skulen ikkje har gjort nok for å rydde opp.

Regionlensmann for Nordfjord, Tormod Hvattum, stadfestar overfor Fjordenes Tidende at ei slik sak er meld til politiet.

Hvattum ynskjer ikkje å gå i detaljar all den tid politiet ikkje har starta sjølve etterforskinga.

- Ingen personar er endå avhøyrde. Såleis vil eg ikkje seie så mykje meir om detaljar, seier han.

Hvattum seier saka vart meld til politiet denne veka.

Fjordenes Tidende er kjend med at foreldra meiner at mobbinga av barnet deira har føregått i fleire år. Foreldra seier dei har teke opp dette med skulen mange gonger, men meiner at skulen ikkje har gjort nok for å rydde opp i dette.

Dei meiner difor at barnet deira har hatt ei vond og vanskeleg tid.

Hvattum stadfestar at dette er essensen i grunnlaget for at foreldra har meld rektoren, læraren og dermed kommunen, der skulen er, til politiet.

Hvattum ynskjer ikkje å seie korleis dei vil gjennomføre etterforskinga, men at sentrale personar vil bli avhøyrde.

Fordi dette er ei vanskeleg sak og fordi ingen av personane som er melde er kontakta så vil ikkje Hvattum seie kva skule det gjeld, eller i kva kommune skulen ligg.