MS Nybakk fekk tidlegare i veka motortrøbbel og måtte tauast til land av ein annan båt.

Det var tjukk tåke og lite sikt tysdag morgon då Nybakk fekk maskinproblem og begynte å drive i Loch Linnhe.  Det var ingen dramatikk melder The Press and Journal, og Nybakk kom til kai ved Fort William under tre timar etter dei hadde varsla.

Nybakk  er ambassadør for Gulatinget og markerer Grunnlovsjubileet.

Båten er på eit tre vekers tokt vestover mot Hebridane, Orknøyane, Shetland og Skottland.