14 bilførarar som skulle nå ferja Koparnes -  Årvik i Vanylven fekk seg ein smekk då dei kom på Fv 61 i 50-sonen i Eidså sentrum onsdag på dagtid.

Der stod Utrykkingspolitiet og lokalt politi med fartskontroll.

14 bilførarar køyrde for fort, og måtte punge ut med bøter.

Høgste fart var 66 kilometer i timen.

Ein bilførar fekk eit forenkla førelegg for ulovleg bruk av handholdt mobiltelefon.