12 spreke menn frå Vanylven tok seg fredag ettermiddag høgt til fjells med pisker for å sløkkje ein lyngbrann i utmarka.

I den steikande varmen var det ein tøff tur, men karane klarte å sløkkje brannen, skriv avisa Synste Møre.

Brannen vart oppdaga om ettermiddagen høgt til fjells mellom Sandnessætra og Kvanndalen på Fiskåsida.

– Det såg ei stund ut til at brannen skulle spreie seg, og vi varsla sivilforsvaret. Eg tok og kontakt med Hovudredningssentralen i tilfelle det skulle bli behov for helikopter, men det var ikkje aktuelt på ein slik dag, seier brannsjef Lasse Rindal, til avisa Synste Møre.

Det heile enda altså godt, takka vere spreke brannfolk.

Årsaka til at det tok til å brenne er ikkje kjent.