Andre gongs inntak til vidaregåande opplæring i skule er klart, og 25. juli fekk 79 søkjarar melding om inntak til skuleåret 2014-2015.

Det er 335 ledige skuleplassar ved dei vidaregåande skulane. Etter andre inntak står berre 32 søkjarar med ungdomsrett utan tilbod.

Skulane tek over inntaket frå 11. august. Svarfrist for søkjarar som har fått tilbod ved andre inntak er 6. august.