– Det er eit bevisst val at vi i år utvidar aktivitetstilbodet for born og unge, slik at Havfiskefestivalen blir for heile familien, seier Jan Holvik i Måløy Havfiskefestival.

«Havets skattekiste», som er grilling av sjømat på torget, akvarium, turar med Eliasbåten og fiskekonkurranse er nokre av aktivitetane under årets havfiskefestival som skal bidra til å auke interessa for kystliv blant dei minste.

– Alle aktivitetane er gratis, slik at vi ikkje belastar dei yngste frå å delta, og alle får premie i fiskekonkurransen, seier han.

Variert

Styret i havfiskefestivalen meiner det er positivt for dei unge å kome seg ut og lære om kystkulturen, og kanskje vil dei rekruttere framtidige fiskarar gjennom festivalen.

– I fjor var det 60 ungar som deltok på fiskekonkurransen. I år håpar vi på 100, seier Hilmar Midtgård.

Der vil også vere aktivitetar for dei litt eldre ungdommane på havfiskefestivalen. Ved gjestehamna skal det vere havrafting for ungdom, det vil vere båtaktivitetar med blant anna den store Eliasbåten i regi av RS Ung, og fredag kveld blir det MOT-konsert i festivalteltet i regi av Vågsøy ungdomsråd.

– Det blir noko for ein kvar smak, seier Rita Holvik Andal, som har hovudansvaret for aktivitetane for dei unge.

Positiv utvikling

Dette er tredje året festivalen vert arrangert, og programmet har stadig blitt utvikla sidan starten i 2012.

– Utviklinga har vore positiv. Eg føler vi har fått eit godt rykte, der det ikkje berre er ein festival der pappa blir invitert med på fisketur. Havfiske er ein stor hobby verda over. Det seiast at det er like mange som driv med havfiske i England som det er fotballspelarar, ler Holvik.

Mange høgdepunkt

Med eit fullspekka program er det vanskeleg å velje eit høgdepunkt.

– Det vil vere to dagar fulle med små og store høgdepunkt, seier Holvik, men legg til at det største høgdepunktet for mange vil bli å sjå kor mykje fisk som blir fiska inn under norgescupen.

I tillegg til cupen vert det også i år Saga-konkurranse for besøkjande og bedrifter, fiskekonkurranse for dei minste og for familiar. Laurdag vil det vere underhaldning i teltet kvar time med lokale artistar, før Ausekarane og The Poor Boys går på scena om kvelden.