I juli er det ein liten nedgang i arbeidsløysa i Sogn og Fjordane. Det er på kysten det er flest ledige.

Arbeidsløysa er framleis høgst på kysten, i kommunane Selje (4,9 prosent – 68 er ledige), Vågsøy (4,2 prosent – 128 er ledige), Bremanger (3,8 prosent – 70 er ledige) og Flora (3,3 prosent – 203 er ledige).

Permitterte i fiskeindustrien bidreg vesentleg til dette.

I den andre enden av statistikken finn vi Gulen (0,7 prosent – 8 er ledige) og Gloppen (23 er ledige), Balestrand (6 er ledige) og Lærdal (9 er ledige), alle med 0,8 prosent.

Flest ledige innan industrien

Innan industri er det no 304 ledige, 13 færre enn i fjor.  Innan dei andre store næringane bygg og anlegg, reiseliv og varehandel er stoda stabil.  Arbeidsløysa fordelar seg no på 512 kvinner og 608 menn. For menn utgjer industri (193) og bygg og anlegg(102) om lag halvparten av dei ledige.

Også for kvinner er det flest ledige innan industri (111), men skil seg frå menn med høvesvis mange  ledige innan helse, pleie og omsorg, barne og ungdomsarbeid og butikk og salsarbeid.

Færre ledige stillingar

I juli vart det lyst ut 320 ledige stillingar i Sogn og Fjordane. Det er ein reduksjon på 16 prosent frå same månad i fjor. Reduksjonen er størst innan helse, pleie og omsorg og bygg og anlegg. Likevel ser vi ein auke innan industri, reiseliv og transport og andre serviceyrker.

På landsnivå har vi ein auke på 7 prosent, mens Sogn og Fjordane har ein nedgang på -1 prosent. Dette skuldast mellom anna at industri, bygg og anlegg og reiseliv held fortet også i juli.

1120 personar er heilt utan arbeid ved utgangen av juli tilsvarande 2,0 prosent.

Dette er framleis lågast i landet, med Rogland (2,1 prosent) og Møre og Romsdal (2,3 prosent) på dei neste plassane. Arbeidsløysa i Norge på 3,0 prosent. 79 647 personar er no heilt utan arbeid i landet, ein auke på 5027 frå i fjor.