Namn:Lars-Svein Drabløs
Parti:Eid Frp
Alder:67 år
Bustad:Nordfjordeid
Yrke:pensjonist

– Vi vil i den kommande fireårsperioden prioritere dei svakaste i kommunen. Det gjelder dei eldre som har krav på god pleie og omsorg. Vi må også få til ei god integrering og oppfølging av innvandrarar og dei som har hamna utanfor arbeidslivet, seier Lars-Svein Drabløs.

Eit nytt omsorgssenter er noko av det siste kommunen har investert i, og no vil Eid Frp «skru igjen krana».

– Vi vil vere restriktive til å gå på nye store ikkje-lovpålagde prosjekt i den neste fireårsperioden, skriv partiet, som er uroa for lånegjelda i Eid.

Lars-Svein Drabløs vil avvikle eigedomsskatten i kommunen, men om det ikkje vert mogleg den kommande perioden vil han halde den på dagens nivå. Vidare vil partiet prioritere å bruke kulturmidlene på dei yngste i kommunen, som til kulturskulen.

– Kulturtilbod retta mot vaksne, som opera, bør etter kvart klare å stå på eigne bein, heiter det i programmet, som også understrekar at Eid Frp er kritiske til at kommunen har sagt ja til å ta i mot så mange flyktningar.