Entreprenøren som har hatt jobben med masseuttaket på Ytre Skårhaug i Eid må betale 100.000 kroner i lovbrotsgebyr for aktlaus eller forsettleg brot på plan- og bygningslova. Det har Eid kommune vedtatt.

Kommunen meiner ikkje alt har vorte gjort som det skulle i samband med masseuttaket på Ytre Skårhaug.

Entreprenøren har tidlegare fått pålegg om sikring av voll og fjellskjæring for laus stein som hadde overhengande fare for å rase ned mot kommunal veg.

Dette arbeidet skulle starte omgåande og frist for ferdigstilling vart sett til 20.mai i år.

Seinare har Eid kommune kome med pålegg og førehandelsvarsel om tvangsmulkt, og det har vore stor korrespondanse mellom partane der målet har vore å få retta det ulovlege forholdet.

Statens vegvesen presiserer at siste godkjende plan på massetaket gjekk ut 11.12.2015.

- Dersom det har vore sprenging i heile tidsrommet fram til 5.9.2016 har dette vore utan løyve frå oss. Og då ulovleg, skriv vegvesenet til Eid kommune.

Entreprenøren skriv i eit brev til kommunen at sikringsarbeidet i området er forholdsvis komplisert og tidkrevjande.

- Viss vi skulle gjort dette på noko særleg kortare tid hadde vi ikkje klart å oppretthalde HMS, lovar og føreskrifter som er knytt til denne type arbeid, presiserer vedkommande.