– Mangfaldet ser vi på som ei styrke, seier Jens Frode Vågen, rektor for Skram skole. Han tar imot elevar med bakgrunn frå 14 ulike nasjonar dette skuleåret.

Det var spente førsteklassingar som kom med nye ryggsekkar og pennal til aller første skuledag på Skram skole. Blant desse var Nada Markovic som flytta til Vågsøy frå Serbia for rundt eitt år sidan.

– Det er kjekt på skulen, smiler ho.

Solveig Vilhemsdottir (f.v.), Kristofer Sigurdbjørnsson, Abodi Rahman, Nada Markovic og Darin Wasta er alle førsteklassingar og blant Skram skole sine mange fleirspråklege elevar dette skuleåret.

Nada er ein av fleire fleirspråklege barn i første klasse.

– Skram skole er ein fleirkulturell skule med mange fleirspråklege elevar, fortel rektor Jens Frode Vågen, som ønskte elevane velkomen tilbake frå sommarferie og til første skuledag både på norsk og arabisk.

186 elevar går på Skram skole dette skuleåret, og ifølgje Vågen er det fleirspråklege barn med bakgrunn frå 14 ulike nasjonar. Dette ser han på som ei styrke for skulen.

– Barna er veldig flinke til å integrere og eg er imponert over kor fort barna lærer seg språket. Dei kjem fort inn i det. Og så er det mange flinke og ressurssterke folk som har kome, det er positivt for kommunen, smiler rektoren.

Jens Frode Vågen ønskte elevane velkomen til eit nytt skuleår på både norsk og arabisk.

Mange av dei tilflytta familiane har budd i Vågsøy i mange år, medan nokre har kome heilt nyleg, ifølgje Vågen. Mellom anna er det seks nye elevar frå Syria på skulen dette året.

– Alle får innføringstilbod i norsk på Skram skole etter læreplanen i grunnleggande språk for språklege minoritetar og får særskild språkopplæring, informerer rektoren.

Nermin Wasta er skulen sin arabisktolk, og har åtte timar undervisning i veka i lag med norsklærar, og følgjer også med elevane i timar som matte og engelsk.

Førsteklassingane fekk ein innhaldsrik første skuledag. Mia Reed var ei av dei som fann pulten sin raskt etter at rektoren hadde ønskt elevane velkomen ute på skuleplassen.

Mia Reed fann raskt fram til skrivepulten sin i klasserommet til 1A.

– Eg gler meg mest til dette her, smilte ho om første timen.

Etter historieforteljing og indviduelle oppgåver fekk elevane møte fadderane sine før alvoret sette inn med norsk- og mattetime. Emma Lothe Fjugstad gledde seg over første skuledag.

– Eg gler meg til å gjere lekser, og å spise her, fortalde ho.

Emma Lothe Fjugstad gler seg til å få lekser. Her med pappa Carl-Fredrik Fjugstad.