– Tidlegare høyrde vi til område NO5 som er Sør-Norge, no er vi flytta til NO3 i Midt-Norge. Per i dag har det medført at vi må betale 3–4 millionar kroner ekstra i månaden for straumen. Dette var noko som skjedde for nokre månader sidan. Vi stiller oss sjølvsagt spørsmålet kva vi kan gjere med dette. For klart at det påverkar verksemda, seier verkssjef Arne Werge-Olsen til Fjordenes Tidende.

– Prisane endrar seg heile tida, og det kan bli utjamna. Men det vi kan slå fast, er at per i dag kostar dette oss 3–4 millionar kroner ekstra i månaden, seier han.Werge-Olsen seier at 2015 var eit fantastisk år for verksemda, men at ein no er nede i ein bølgjedal prismessig på silisium og ferrosilisium som verksemda produserer og sel til heile verda. Over 50 prosent av silisiumen går til solindustrien. – Men heldigvis får vi framleis draghjelp frå euro- og dollarkursane.