– Denne modellen har selt godt i mange år, men det har gått litt under radaren sidan søkjelyset ofte er på personbilar. Dei aller fleste av desse bilane sel vi til næringslivet som VW Transporter, seier Skåre.

Det vil seie at bilen er utstyrt med grøne skilt, med sitjeplass for tre personar i framsetet, og med lasterom opp til 9,3 kubikkmeter for den lengste typen. Bilar registrert som varebilar har langt lågare statlege avgifter enn bilar registrert som personbil. Som varebil har VW Transporter startpris 377.000 kroner. Det er ingen billig bil, men trass prisnivået har han treft marknaden godt.

23 av 25 var varebil

Som personbil er namnet Caravelle. Ein kan få bilen med opp til ni sete. Dette utløyser avgifter til statskassa, og startprisen er 648.000 kroner.

Statistikk frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) viser at 23 av 25 selde bilar av denne typen i nedslagsfeltet til Nordfjordsamkøyringa første halvår 2017 var Transporter – altså varebilversjonen.

Det gjer modellen til den mest selde, rett før Toyota RAV4 med 24 selde bilar, VW Golf med 23 og VW Caddy med 22. Caddy er ein annan varebilmodell frå Volkswagen som sel godt.

Toyota størst på personbil

Med storseljarane Transporter og Caddy i porteføljen er Berge & Co suverene når det gjeld sal av køyretøy til næring i regionen. Det gjer dei også til den mestseljande aktøren totalt sett, sjølv om Toyota er størst på personbilar med RAV4, nykomaren C-HR og Yaris på topp 4-lista over mest selde personbil. Berre VW Golf kiler seg inn på andreplass. Totalt selde Volkswagen 96 bilar i området til Nordfjordsamkøyringa første halvår. Toyota selde hårfint færre – 94, men har styrka marknadsposisjonen samanlikna med første halvår 2016.

– Vi sel ein del Caravelle med sete til drosjenæringa. Elles er desse bilane populære hjå store barnefamiliar som bruktbilar – då prisen har gått noko ned, seier Skåre.

Kjøpte tre firmabilar

Einar Myklebust, innehavar av entreprenørselskapet Yri Sand i Loen, er ein del av statistikken som gjer VW Transporter til den mest selde bilen i Nordfjord første halvår. Verksemda kjøpte to Transporter og ein Caddy i januar.

– Vi var på jakt etter firehjulstrekkarar. Transporter har i tillegg høg køyrekomfort, det er som å køyre ein vanleg bil. Og vi var opptekne av å handle lokalt. Vi køyrer desse bilane inntil 40.000 kilometer i året, då er det viktig at dei er gode å køyre. Vi transporterer mykje utstyr og er avhengig av god bagasjeplass. I tillegg trekkjer vi ofte med oss store tilhengarar, då er firehjulstrekk gunstig. Vi bytte inn bilar utan firehjulstrekk, seier Myklebust.

I tillegg til å vere største entreprenørverksemda innan sand og gravemaskiner i Nordfjord, har dei også avdeling i Hyllestad i Sogn. Bilane går mykje mellom dei to stadane.

– Vi har om lag ti firmabilar av ulike merke som vi skifter ut med jamne mellomrom. Dette er første gong vi kjøper så mange Volkswagen, fortel Myklebust.

På spørsmålet om kvifor han trur bilane toppar salsstatistikken i Nordfjord trass eit forholdsvis høgt prisnivå, svarar Yri Sand-eigaren:

– Kvalitet kostar.