- Eg vil ha fleire 4H-gardar på Vestlandet, og alle skal vite kva ein 4H-gard er, seier Kristin Hanshuus.

Ho er nytilsett prosjektleiar for 4H-gard i vekst, kor målet er å lyfte arbeidet med besøksgardar på Vestlandet. Det er 4H i dei fire vestlandsfylka som står bak det treårige prosjektet.

Kunnskap om gardsdrift

Haanshuus seier at 4H-gardane formidlar kunnskap om norsk landbruk og matproduksjon, og er eit ansikt mot born og unge.

- Matproduksjon og dyrehald er universelt og dermed er gardane gode arenaer for inkldering, seier Haanshuus.

Ho legg til at dette blir ein møtestad for ulike grupper og generasjonar.

Dobla på landsbasis

På Vestlandet finn ein i dag åtte 4H-gardar, medan ein nærmar seg 50 på landsbasis.

- Dei fleste 4H-gardane på Vestlandet er typiske vestlandsbruk, og alle ligg i flotte kulturlandskap, fortel prosjektleiaren.

Haanshuus seier at ho no håpar å få vere med på å utvikle endå fleire gardar på Vestlandet.