Den nye reketrålaren til selskapet Torbas AS, «Kvalstein»,  set i dag for fyrste gong kursen nordover under nytt namn og i ny drakt.

Mannskapet er klar for turen og er fulle av forventningar til den nye båten.

- Båten var ganske nedsliten, så det er kjekt å sjå kor fin den har blitt. Også blir det spanande å sjå korleis det fungerer med ny båt og nytt mannskap, fortel ein stolt styrmann, Petter Lund Wåge.

- Det er mykje innarbeidd mannskap frå andre reiarlag, så kompetansen er der, men det skal jo prøvast på ein ny båt. Men kjemien er på plass, seier Lund Wåge.

Trålaren har tidlegare vore brukt til torskefiske under namnet «Langøy», men etter at Torbas AS kjøpte båten i slutten av oktober har den blitt renovert og er igjen klar for sitt tiltenkte virke, reketråling.

Produktsjef i Selstad, Håkon Vederhus, og styrmann på «Kvalstein», Petter Lund Wåge. Foto: Marianne Solheim Rotihaug

Men for at båten skulle bli klar for sitt daglege virke måtte det mykje fiskereiskapar til.  Selskapet Selstad  har levert alt utstyret, og for å rekke fristen har dotterselskapet i Danmark og eit selskap på Island delteke i produksjonen av utstyret.

- Vi har levert alt frå  trålesekkar  til vaierar, rett og slett alt fiskeutstyret. Det er veldig kjekt at dei handlar lokalt. Dette er ein betydeleg leveranse for oss, fortel produktsjef i Selstad, Håkon Vederhus.

«Kvalstein» skal etter planen fiske reker i eit område nordaust for Svalbard i fire veker.

- Målet og håpet er sjølvsagt å returnere med full båt, fortel Lund Wåge.