Samstundes diskuterte lokalpolitikarane moglegheitene for at elevane i Vanylven kan gå på vidaregåande i Vågsøy eller Eid.

I praksis kan elevar frå Vanylven søke på skular i nabofylket, men skal dei kome inn må det vere ledige plassar.

- Realiteten per i dag er at ein må vite om det er ein ledig plass i Sogn og Fjordane, så ein er prisgitt utanforliggande faktorar. Det er både fritt og ufritt, poengterte leiar i utdanningsutvalet i Møre og Romsdal, Bjarne Elde (Ap).

- Om vi tapar elevar frå Åheim til Sogn og Fjordane, då trur eg vi tapar og då tapar elevane. Slik som situasjonen er i dag, så er det ein fare å ri to hestar, understreka Klungre.

Du kan lese meir om denne saka i Fjordenes Tidende fredag.