Frå Fylkesmannen si side vart det tilrådd at Bremanger kommune skulle stå aleine, men at ein på sikt såg mot Flora, alternativt at Flora søkjer mot den nye kommunen i Sunnfjord og Bremanger mot den nye kommunen i ytre Nordfjord.

– Her er det slik som det har vore. Vi står aleine og aktar å halde fram med det. Vi har ikkje høyrt noko frå andre kommunar om samanslåing med Bremanger, fortel ordførar Audun Åge Røys (H).

– Vi er på mange måtar glade for at vi slepp forhandlingar.