Berle Grendalag søkjer Bremanger kommune om lys og refleksar i tunnelen som går gjennom Blåhammaren på veg til Berleneset.

Dei viser til at tunnelen er heilt svart og mørk i dag, og dei er redd for farlege situasjonar. Berle Grendalag søkjer også om fareskilt og stadnamnskilt på Berleneset. I dag er det ikkje skilt som viser at ein kjem til ein tunnel, og grendelaget ønskjer også eit fartsskilt som tydeleg viser kva lovleg fart er i tettbygde strøk.

Dei ber òg kommunen sette opp eit stadnamnskilt som viser at ein er komne til Berleneset.

Bremanger kommune er no i dialog med Mesta om kjøp/montasje av refleks.

– I investeringsbudsjettet for 2015 har vi fått avsett middel til vedlikehald av kommunal veg, og vi har såleis høve til å få gjort jobben no, fastslår Magnhild Myklebust, leiar for plan og forvalting i eit svarbrev til Berle Grendalag.

Når det gjeld fartsgrense og fareskilt for tunnelen er kommunen i gang med ei registreringsrunde på kvar det er behov for skilt og fartsregulering på dei kommunale vegane.

– Vi vil deretter legge dette fram for politikarane før vi søkjer regionvegkontoret om fartsgrenseskilting, kommenterer Myklebust.