Bremanger kommune har fått klarsignal av Kommunaldepartementet at dei får bruke lengre tid på å dekke inn underskotet i rekneskapen.

«For underskota som oppstod i 2007 og 2008 vil 2017 og 2018 vere siste moglege inndekkingsår», skriv departementet til Fylkesmannen.

Når det gjeld underskot i årsrekneskapen for 2014 får Bremanger dispensasjon til at det kan dekkast inn over sju år, det vil seie innan utgangen av 2021.

«Bremanger kommune er i pågåande rettvistar knytt til Terra-saka og derivatavtalane. Dersom kommunen heilt eller delvis skulle få medhald for sine krav, legg vi til grunn at inntektene vert brukte til å dekke inn tidlegare underskot og at inndekkingstida vert tilsvarande kortare».

2015-budsjettet til kommunen er ikkje godkjent av Fylkesmannen. Låneopptaka er difor heller ikkje godkjent, noko som gir konsekvensar for likviditetssituasjonen til kommunen.

«Det vil vere opp til Fylkesmannen sjølv å vurdere lånegodkjenninga, men vi gjer merksame på at det ikkje er eit absolutt krav at budsjettet må vere godkjent for at kommunen skal kunne få godkjent nye lånevedtak», skriv departementet.