– Det var noko heilt anna å drive butikk for 100 år sidan. Ein hadde ein heilt anna status som kjøpmann før i tida enn ein har no, seier Reidun Sunde.

Ho driv Lagerutsalget på Nordfjordeid, og har skrive bok om jubileet som familieverksemda har markert i år. Reidun meiner ein som frittståande butikk har andre utfordringar i dag samanlikna med det bestefaren Rasmus Sunde, som starta opp R. Sunde i 1917, hadde.

– Ein har konkurransen mellom frittståande butikkar og senter. Men netthandelen er nok den største konkurrenten, og det er klart vi har merka det dei siste åra, fortel Reidun.

Den andre heimen

Historia om R. Sunde starta i november 1917. Då starta Rasmus Sunde sin eigen butikk som selte herreklede i Sunde-huset sør i Eidsgata.

– Bestefar var den første i Nordfjord som selde ferdigsydde kle, og i butikken kunne ein finne dressar, undertøy og sko til menn, fortel Reidun.

Om lag eitt år etter oppstarten henta Rasmus inn forsterkingar. Dette var Dagny, som han gifta seg med i 1922.

Butikken auka i omfang i takt med ein stadig større familie. Dagny og Rasmus fekk i løpet av dei neste ti åra fire gutar: Andreas, Karl, Ove og Finn. Og i butikken kunne ein etter kvart få kjøpt fotoutstyr, instrument, plater, strengar, notar, sjokolade, tobakk, dameklede, koffertar og korgmøblar.

Dei fire gutane trakka mykje i butikken, som låg i første etasje av heimen deira. Då gutane var i 20-åra vart dei meir involverte i familieverksemda.

– Butikken var samla fram til 1960. Då tok Karl, som eldstemann, over møbelhandelen, som vart flytta ut av butikken i Sunde-huset, forklarar Reidun.

Karl fekk sitt eige lokale tvers overfor Sunde-huset i Eidsgata, der Interoptik driv i dag.

Rasmus Sunde døydde i 1963. Kona Dagny og sønene Finn og Ove dreiv butikken vidare. Andreas, den fjerde av brørne, var ikkje involvert i drifta. Han vart bankmann.

Butikken R. Sunde vart på 80-talet delt mellom Finn og Ove. Ove tok over den delen med sko og Finn kledene.

Sterke familieband

I dag er fem av barnebarna til Rasmus og Dagny involvert i familieverksemda. Margrete, Reidun og Lisbet, som er døtrene til Ove, driv høvesvis Eurosko på Eid, Lagerutsalget på Eid og Lagerutsalget i Måløy. Helge og Kjell, som er sønene til Karl, er høvesvis på Fargerike Sunde og Karl Sunde Møbler & Utstyr AS, som er samlokalisert i Leirongane.

– Vi har veldig sterke familieband. Det blir noko ekstra mellom oss som driv på med dette. Vi kan alltid rådføre oss med kvarandre, og det er utruleg verdifullt. Eg hadde nok ikkje starta min eigen butikk og fått det til utan familien. Det blir noko anna å starte sjølv når det ligg ferdig innarbeidd. Ein har eit godt grunnlag når det har vore to generasjonar før deg, smiler Reidun.

Men kor lenge Sunde-slekta vil vere involvert i drifta er ikkje søskenbarna like sikre på.

– Dette er kanskje siste generasjonen der ein går inn i det ein er fødd og oppvaksen i. Eg har ikkje prøvd å få barna inn i verksemda. Då hadde eg fått utruleg dårleg samvit om det viste seg at det ikkje var rett, seier Helge.

Møblar

– Det er på det jamne, men samstundes går det betre år for år, seier Kjell Sunde hos Karl Sunde Møbler & Utstyr AS. Han er sonen til Karl Sunde som tok over møbelforhandlinga frå far sin Rasmus Sunde i 1960.

Møbelforretninga er lokalisert i Leirongane på Nordfjordeid, og Kjell ser på konkurransen frå andre aktørar som positiv.

– Det har kome aktørar som kan selje ein kommode til 500 kroner. Det vil ikkje vi konkurrere mot, så då får vi betre tid til å jobbe med det vi ønskjer å satse på, forklarar han.

Karl Sunde Møbler & Utstyr har ei stolt historie. Dei var blant anna dei første forhandlarane av Stressless i Norge, og Karl Sunde selde sjølv den første.

– Vi kjem til å fortsette med møbel også i framtida, stadfestar Kjell Sunde.

God omsetning

Fargerike Sunde har hatt eit av sine beste år i 2017.

– Noko riktig gjer vi nok, smiler Helge Sunde.

Han har sagt frå seg sjefsstillinga, men jobbar framleis i butikken som er samlokalisert med Karl Sunde Møbler & Utstyr i Leirongane.

– Det viktigaste ein har når ein skal drive butikk er flinke tilsette. Dei aller fleste som er her har vore med oss lenge, så det tar eg som eit godt teikn.

I butikken tilbyr ein blant anna farge, interiør, golv og flis.

– Vår tanke er at det er viktig å ha ting som vi er veldig gode på, og det har vi, seier Helge.

Som sine søskenbarn fortel han at han har trakka i butikklokala til foreldra sidan han var liten, men at det ikkje var bestemt at han skulle ta over.

– Det var heilt naturleg at eg skulle gå inn i drifta. Det var dette vi kunne etter å ha jobba i butikken då det var skulefri og feriar, forklarar Helge.

Slagerutsalg

Lagerutsalget på Nordfjordeid har fått ei ny avdeling inst i butikken. Her har Reidun Sunde innreia sitt eige Slagerutsalg.

– Det er ein måte å få hobbyen inn i jobben på, ler Reidun.

Inst i butikklokalet har ho innreia ein krok med retromøblar, platespelarar og vinylplater i gamle mjølkekasser.

– Bestefar var veldig musikalsk, i likskap med fleire av sønene og barnebarna. Så på mange måtar er ringen slutta, samanfattar Reidun.

Lagerutsalget vart starta av far til Reidun, Ove, og broren Finn i 1986. Då Reidun flytta tilbake tok ho over drifta. I dag tilbyr butikken i Eid sentrum blant anna ull til vaksne og barn, klede til barn, dame og herre, og dyner og puter.

– Eg har ikkje ei stor kjede i ryggen som kan hjelpe meg til dømes med å forhandle pris, men samstundes står eg fritt til å gjere det eg vil, seier Reidun, og fortset:

– Det var ikkje bestemt at eg skulle ta over Lagerutsalget. Då eg var lita ville eg gjerne bli bonde, men det er kanskje like greitt at det ikkje vart slik. Det var litt tilfeldig at eg tok over, men det er veldig kjekt å drive vidare det dei i tidlegare generasjonar starta.

Har utvida butikken

Margrete Sunde driv Eurosko på Nordfjordeid. Ho opplever at kundane ønskjer stadig større utval.

– Folk krev meir og meir. Då bestefar starta så hadde han ein svart og ein brun sko til herre. No har vi om lag 100 forskjellige vintersko til dame, men likevel kjem det inn kundar som ikkje kan prøve ein einaste ein. Det handlar nok mykje om kva vi forventar som kundar, seier Margrete, som tok over butikken etter faren Ove på 90-talet.

Men butikken har tatt grep for å henge med i tida. Som ein del av Eurosko-kjeda har butikken ein nettbutikk der kundane kan bestille sko, for så å kome i butikken å hente dei. I haust utvida også butikken ved at dei kom inn i Bagorama-kjeda med veske og utstyr.

– Vi har hatt vesker, koffertar og utstyr tidlegare også, men det er blitt litt meir ordna forhold i den avdelinga.

På butikken i Sunde-huset er det to tilsette i full stilling og ein tilsett i ei halv stilling.

– Det er veldig kjekt å drive butikk, men det er viktig at folk brukar oss om dei ønskjer at vi skal vere her. Eg plar seie at folk får som dei fortener. Brukar dei oss ikkje, så forsvinn vi, samanfattar Margrete.

Fleire jubileum

Same år som R. Sunde markerer 100 år feirar Lagerutsalget i Måløy 30 år.

– Det har vore veldig kjekt og det har vore eit vellukka jubileum. Eg syns det har vore veldig fint med desse 30 åra med handel, seier Lisbet Sunde Eltvik, som driv butikken.

I butikken, som er lokalisert i Gate 1, tilbyr ho klede til barn, dame og herre. Og det var foreldra, Ove og Eli, som oppmoda henne om å starte.

– Hadde det ikkje vore for dei så hadde eg nok ikkje starta. Eg hadde heller ikkje klart å drive butikken om dei ikkje hadde hjelpt meg i småbarnsperioden, fortel Lisbet, som i likskap med søsken og søskenbarn har fått butikkdrift og handel inn med teskei frå barndomen av.

– Eg er glad det vart denne jobben for meg. Eg hadde nok gjort det same ein gong til.

Sjølv med mange trufaste kundar har Lisbet merka at handelen har endra seg i løpet av dei siste åra.

– Som så mange andre merkar vi at netthandelen blir større og større. Eg hadde jo ein pangstart då eg opna butikken, og marknaden for denne type butikk i Måløy er framleis god, forklarar Lisbet.